Nyss-redaktøren gir seg

Redaktør og dagleg leiar i Mediehuset Nyss, Frank Kjøde (68) ønskjer å avslutte arbeidsforholdet for å gå av med pensjon. Det melder Nyss, som dekker Sykkylven og Stranda, i ei pressemelding. Nyss er ei samanslåing av Sunnmøringen og Sykkylvsbladet, der Kjøde blei tilsett i 1982. Han har sagt ja til å halde fram til ein ny leiar er på plass.

Frank Kjøde
Foto: Sykkylvsbladet