Hopp til innhold

Ivar Aasen-instituttet i fare

Ivar Aasen-instituttet i Volda kan bli lagt ned. Dette er ein av dei største institusjonane i landet som forskar på den nynorske skriftkulturen.

Ivar Aasen er omstridt, over 100 år etter hans død.

Instituttet etter Ivar Aasen kan bli lagt ned.

Foto: NTB / Scanpix

Oddmund Hoel

Oddmund Hoel var stipendiat frå 2003 til 2007.

Foto: Torodd Joranger
Jakob Kjøde

Direktør Jacob Kjøde jr seier dei må vurdere tilbodet.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK
Stephen Walton

Stephen Walton meiner instituttet er nedprioritert.

Foto: Høgskulen i Volda
Tora Aasland

Walton ber kunnskapsminister Tora Haug opne pengeboka.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

Tidlegare stipendiat Oddmund Hoel meiner det er svært trist at eit miljø som har opparbeidd seg så stor kompetanse og som har ein viktig funksjon kan bil lagt ned. Han var stipendiat frå 2003 til 2007.

Sterkt fagmiljø

Instituttet fungerer som eit knutepunkt for dei som forskar på den nynorske skriftkulturen.

Hoel meiner det er etablert eit sterkt fagmiljø med fleire forskarar, men på eit styreseminar fredag vil representantar frå leiinga ved Høgskulen i Volda foreslå at masteren i nynorsk skriftkultur ikkje skal ta inn fleire studentar.

Bakgrunnen skal vere at tilbodet ikkje held mål og at fagmiljøet er for lite.

Master i nynorsk

Få studentar

Direktør ved Høgskulen, Jacob Kjøde jr, seier det over lengre tid har vore ganske svak tilgang på studentar, og at dei difor må vurdere både fagleg og økonomisk om det er forsvarleg å drifte tilbodet vidare.

I fjor blei det tatt opp 13 studentar til mastergraden, i år åtte, medan målet då studietilbodet starta var ti studentar. Styrar ved instituttet, Spephen Walton, meiner det viser at interessa er stor nok.

Han meiner problemet er at instituttet blir prioritert altfor lågt, både av skulen og av kunnskapsdepartementet.

- Instituttet er ekstremt underbemanna, seier Walton, som for tida sit der åleine.

Må opne pengeboka

Han ber kunnskapsdepartementet med Tora Aasland i spissen opne pengeboka for å nynorskforskinga.

- Det står veldig mykje fint i språkmeldinga om støttetiltak for å fremje nynorsk språk og kultur, og også om å trygge grunnlaget for organisasjonar som arbeider med nynorsk. Då må departementet følge opp og gripe tak i dette, seier Walton.

Hoel seier det er trist for alle som er opptatt av å bevare nynorsken dersom det fredag blir vedtatt at mastergradsstudiet ikkje skal ta inn fleire studentar.

- Då går norsk språkhistorieforsking glipp av eit viktig kompetansemiljø, seier Hoel.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL