Hopp til innhold

No kan du sjå kva notat, lappar og helsingar Ivar Aasen hadde i sine bøker

Ivar Aasen si enorme boksamling er for første gong tilgjengeleg på nett. – Vi har fått eit heilt anna innblikk i kva han var oppteken av og korleis han arbeidde, seier bibliotekaren ved Aasentunet.

Pressa blome funne i boka Norske Ordsprog, av Ivar Aasen (1881)

I år held Nynorsk Kultursentrum på å gå gjennom boksamlinga til Ivar Aasen. Ein viktig del av arbeidet er leitinga etter Aasen sine eigne markeringar i bøkene. Aasen var særs oppteken av blomar, og her har dei funne ein pressa blome i boka «Norske Ordsprog» frå 1881.

Foto: Nynorsk Kultursentrum

Sjølvaste opphavsmannen til nynorsk og Ørsta si stoltheit, Ivar Aasen, bygde opp ei svært innhaldsrik boksamling som utgjer 28 hyllemeter. Om lag 2500 bøker, aviser og tidsskrift på minst 20 ulike språk.

Heile samlinga blei registrert hausten 1945, og blei gitt ut som trykt katalog året etter.

Eigentleg har ein trudd at det ikkje var så mykje spennande å finne i samlinga. Men i år starta Nynorsk kultursentrum arbeidet med å gå gjennom, og digitalisere den. Noko bibliotekar Siri Beate Gjerde er særs glad for.

Bibliotekar Siri Beate Gjerde

Bibliotekar ved Aasentunet Siri Beate Gjerde. Dei fyrste 1000 bøkene blei no i november tilgjengeleg på nett.

Foto: Nynorsk Kultursentrum

– Heilt anna innblikk i kva han var oppteken av

– Til no har vi bladd gjennom rundt 1000 bøker frå side til side, og sett etter små teikn etter Aasen sitt arbeid, seier Gjerde.

Dei har funne fleire tusen markeringar.

Portrett av Ivar Aasen i 1884.

Portrett av Ivar Aasen i 1884.

Foto: C. C. Wischmann / Oslo Museum

– Vi har funne små lappar gøymde i bøkene, som bokmerke, der han har notert seg ting, avrivne brev og dagboknotat. I tillegg hadde han planar om å bli botanikar, så han var veldig interessert i blomster. Vi har funne små pressa blomster som han har plukka.

– Som bibliotekar må dette vere ein draumejobb?

– Ja, det er det. Vi har fått eit heilt anna innblikk i kva han var oppteken av og korleis han arbeidde. Fleire av notata og lappane har ein ikkje visst om før no, noko som gjer at det kriblar ekstra når ein slik lapp dukkar opp, seier Gjerde.

Fragment med påskrift av Ivar Aasen. Kladd av dagboknotat frå 1879.

Kladd av dagboknotat frå 1879. Professor Terje Aarset har tyda den gotiske handskrifta, noko som gjer det mogleg å setje lappane inn i ein skrifthistorisk samanheng.

Foto: Nynorsk kultursentrum

– Viktig del av felles kulturarv

Alle museum skal no prøve å gjere sine samlingar digitalt tilgjengelege, slik at ein kan vise fram det ein har funne til alle. Om eit halvt års tid reknar Gjerde med at dei har kome gjennom alt materiale, som fortløpande blir lagt ut på digitaltmuseum.no.

Peder Lofnes Hauge

– Når denne type samlingar blir digitalisert blir det sikra for ettertida. I tillegg er det gratis og lett tilgjengeleg for alle, seier han, seier leiaren for Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Foto: Elise Årdal

Leiaren for Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, synest det er særs interessant å få ny kunnskap om Ivar Aasen.

Vi får vite meir om kva han tenkte om aktuelle emne, korleis han har arbeidde og tileigna seg ny kunnskap. Han kjente mange folk, og no får vi også vite meir om dette vide nettverket. Eg gler meg til å sjå framhaldet av det som no kjem fram.

Direktør i Kulturrådet, Kristin Danielsen er glad for dei nye funna rundt Aasens språkarbeid.

Kristin Danielsen

Kristin Danielsen er direktør i Kulturrådet.

Foto: Kulturrådet

Det er med på å styrke ein viktig del av vår felles kulturarv. Museet gjer også eit viktig og nødvendig arbeid med å digitalisere samlingane sine slik at dei når ut til fleire, seier ho.

Meiner mange kan lite om personen Aasen

Jacob Grimms Deutsche Grammatik (1826-1840) var en av Ivar Aasen sin store boksamling.

Jacob Grimms Deutsche Grammatik (1826–1840) frå Ivar Aasen si store boksamling.

Foto: Nynorsk Kultursentrum

Arne Apelseth, som har skrive bøker om Ivar Aasen, synest det er flott at det blir lagt til rette for at samlinga blir digitalisert, og at folk får auga opp for Aasen. Han trur mange kan lite om språkforskaren og diktaren, og meiner at det ikkje har vore så mykje fokus på kven han var som person.

– 1800-talet er mykje fjernare for oss enn for våre besteforeldre. Det er mykje som er ubegripeleg, for vi lever på ein heilt anna måte i dag. Så 1800-talet blir nesten som 1200-talet. Samfunnsutviklinga gjer at vi blir så fjerne frå hans tid.

Personlege helsingar

Ivar Aasen hadde mange interesser. Siri Beate Gjerde har saman med konservator Stine Stennes Hovdenakk funne bøker om alt frå førstehjelp og husstell til ordbøker på tysk og gresk, og biblar. Nokre av bøkene går heilt tilbake til 1700-talet.

Fleire av forfattarane og utgjevarane av bøkene har skrive personlege helsingar til Aasen.

– Ei av helsingane som var særleg stas å finne var frå kvinne- og målsakskvinna Aasta Hansteen. Ho hadde skrive eit langt brev der ho takkar for all tidlegare hjelp han har gitt henne, seier Hovdenakk.

Helsing til Ivar Aasen frå Aasta Hansteen. Innlimt i boka Det svenske Præsteskabs nyeste Bedrift (1873) av A. Hansteen.

Helsing til Ivar Aasen frå Aasta Hansteen. Innlimt i boka «Det svenske Præsteskabs nyaste Bedrift» (1873).

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen seier jobben med å gjere slike samlingar tilgjengelege er viktig for oss alle.

– Nynorsk kultursentrum har gjort ein kjempejobb. Og dette er eit av mange gode eksempel som viser at gjennomgang og digitalisering av museumssamlingar fører til auka kunnskap og gir både publikum og forskarar betre tilgang til kulturarven vår.

Anette Trettebergstuen

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen seier det er eit mål å digitalisere meir av kulturarven vår.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

Les også Det er ikkje berre-berre å ta debatten om nynorsk. Nokon kjem til å klikke.

Nynorsk VS bokmål

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL