NRK Meny

Nynorsken tapte i Gjøra

Nynorsken tapte i målavrøystinga i Gjøra krins i Sunndal i går. Bokmål fekk 68,3 prosent av dei 126 avlagde av røystene. Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, seier demokratiet må rå, men han syns det er synd at nynorsken tapte. Målavrøystinga i Gjøra var rådgjevande og kommunestyret i Sunndal får truleg saka til møte i oktober, seier ordførar Ståle Refstie.