Hopp til innhold

Nynorsk-ros til Vassendgutane

Noregs Mållag meiner ørstagruppa Vassendgutane gir nynorsken eit oppsving.

Vassendgutane får gratulasjonar frå Hege Myklebust i mållaget
Foto: Hege Lothe

Bandet gjekk denne veka heilt til topps på VG-lista med plata "XO".

- Vi vil gjerne gratulere med fyrsteplassen på VG-lista. Det er veldig kjekt at Vassendgutane gjer suksess på nynorsk og dialekt, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, som har møtt bandet og overrekt blomar og lukkeynskje.

- Tusen takk, dette set vi pris på! Det er kjekt at Mållaget legg merke til oss, sa vassendguten Sindre Aam.

Vassendgutane har gjort stor suksess med country- og dansebandmusikk med tekstar frå kvardagen i vestlandsk bygdeliv. Bandet har allereie platina for plata "XO" som har passert 30 000 selde plater.

- Det vil seie at vi selde ei plate kvart 20. sekund i veka som gjekk, hadde dei blide gutane rekna ut.

Både cd'en "Pylse og konjakk" (2000), og "Gi clutch" (2002) har veldig respektable salstal. I 2005 kom "Ungkar med dobbelseng", den har selt til gull og nærmar seg 40.000 selde eksemplar. Dette har gjort at Vassendgutane i fjor var blant dei ti mest selde artistane på norske bensinstasjonar.

- Det er veldig kjekt at Vassendgutane når ut til så mykje folk. Det syner at nynorsken også kan gje kommersiell suksess. Dette er verkeleg til inspirasjon for andre band, seier Hege Myklebust.