Landslaget møter Portugal søndag 29.mai på bortebane. Så er det Ullevaal-kamp mot Island den 1.juni før ny bortekamp mot Belgia 5.juni.
Nyland har vore førstevalet til Per Mathias Høgmo, men ein lang sesong på benken og tilsvarande god form frå Rune Almenning Jarstein i Hertha Berlin har trua den posisjonen.
Likevel ser Nyland lyst på framtida. Han spelte tre av dei fire siste kampane for Ingolstadt, og alt tyder på at han er førstevalet komande sesong. Dermed skulle det også vere enklare å forsvare posisjonen på A-landslaget.
Vil vere førstevalet
25-åringen har spelt 20 A-landskampar, og håper på langt fleire. VM-kvalifiseringa er knallhard, med Tyskland som første motstandar i haust. Han trur dette er hakket verre enn Em-kvaliken, der Noreg tapte for Ungarn i omspelskampen. Likevel har landslaget hatt ein tendens til å heve seg mot dei beste nasjonane. Nyland seier til NRK at han difor har god tru, og at han sjølsagt ønskjer å vere førstevalet til landslagssjefen også i 2016.
Nyland har vore heime i Volda ein periode og har difor trent med gamleklubben Hødd. Han er imponert over det ulsteinvik-klubben har fått til, mellom anna med heilt nytt stadion. Berre 4-5 spelarar er igjen frå det laget han tok gull med på Ullevaal i november 2012.