Hopp til innhold

Nyland spelte mest

Ingen spelte meir i EM-kvalifiseringa enn Ørjan Håskjold Nyland frå Volda. Ifølge NTB spelte målvakta samtlege minutt i 12 av 12 kampar. Det vil seie 1080 minutt. Molde-spelar Vegard Forren var også involvert i alle dei 12 kampane, men spelte «berre» 1064 minutt, og er dermed nummer tre på lista.