Nyhamna er i normal drift

Gassen strøymer no for fullt gjennom gassanlegget på Nyhamna i Aukra etter ei nedstenging på 43 dagar. Anlegget måtte vere gassfritt under krevande arbeid med nye installasjonar, seier Jan Soppeland i Norske Shell. No aukar aktiviteten på Nyhamna og arbeidstokken inne på anlegget aukar gradvis frå 650 til rundt 1000.

Nyhamna Aukra
Foto: Gunnar Sandvik / NRK