Nye tjuveri av navigasjonsutstyr

Nok ein gong er det stole navigasjonsutstyr frå bilar. Denne gongen er det bilar i Mauseidvåg i Sula som er ramma.

Ein av bilane det er gjort innbrot i

Tjuvane har knust ei rute for å kome seg inn i bilen.

Foto: Bilhuset Sunde

Innbrota og tjuveri skal ha skjedd i natt, melder politiet. Fleire gongar berre denne månaden er det meldt om liknande lovbrot både her i fylket og elles i landet. For få dagar sidan var det bileigarar eller bilforretningar på Nordmøre som blei ramme, og for vel ei veke sidan var det Ørsta og Ålesund. Elles i landet har til dømes Romerike fleire gongar hatt besøk av tjuvar som har tatt med seg GPS-ar eller anna navigasjonsutstyr frå bilar den siste tida.

Kostbare innbrot

Navigasjonsutstyret er plukka ut

Navigasjonsutstyret er plukka ut av bilane.

Foto: Bilhuset Sunde

No er det Bilhuset Sunde i Mauseidvåg som har hatt besøk, og ifølge politiet har tjuvar vore inne i fleire av bilane og tatt med seg det dyre utstyret. Bilforhandlarar har tidlegare anslått at kvart innbrot kostar opp mot 50 000 kroner. Økonomiansvarleg Frode Slinning kan ikkje gå god for den summen, men seier at pengane flyg. I tillegg kjem ekstraarbeidet og irritasjonsmomentet.

Ekstraarbeidet kostar også

I tillegg til kostnaden kjem ekstraarbeidet med å rydde.

Foto: Bilhuset Sunde

–Ein blir passe opptrekt når slikt skjer, urven i heile kroppen, seier Slinning, som fram til i natt har vore spart for liknande hærverk og innbrot som tre av bilane deira no har vore utsette for. Overvakingskamera viser ifølge Bilhuset at to personar har vore på staden mellom klokka 01.30 og 02.00 i natt.

Politiet har knapt starta etterforskinga i Sula, men vil nok raskt sikre seg spor og også starte taktisk etterforsking. Likevel kan ikkje politiet slå fast at det er samanheng mellom innbrota og tjuveria no, og dei som har vore tidlegare. Men det er nærliggande å tru at det er ein samanheng, og politiet utelukkar så tidleg i saka ingen ting.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.