NRK Meny
Normal

Nye tiltak mot pankreassjukdom

Den siste tida har det vore meldt om fleire tilfelle av pankreassjukdom hjå oppdrettsfisk i Møre og Romsdal. Mattilsynet vurdere no nye tiltak for å stoppe viruset.

Oppdrettslaks

PANKREASVIRUS: Pankreasviruset påverkar bukspyttkjertelen til fisken, noko som påverkar appetitten til fisken.

Foto: Marøy, Terje / SCANPIX

– Pankreasviruset spreier seg over mykje større avstandar enn andre virus. Det gjer at dei virusfrie områda som vi har prøvd å opprette, ikkje er effektive nok, seier Inger Mette Hogstad i Mattilsynet.

Det første tilfellet av pankreassjukdom i Noreg, dukka opp i Hordaland i 1989, og gjekk så vidare til Sogn og Fjordane. Viruset spreia seg deretter til Rogaland og Møre og Romsdal i 2006.

Pankreasviruset fører til dårleg appetitt hjå fisken, og kan i verste fall vere døyeleg. Viruset er ikkje skadeleg for menneske eller andre fiskar.

Sette i gong strakstiltak

Det blei sett i gong fleire tiltak for å fjerne viruset, og i 2010 klarte ein å kvitte seg med ein variant av viruset kalla SAV3. Det er den versjonen som i dag finst i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Seniorrådgiver i Mattilsynet i Romsdal Inger Mette Hogstad

HAVSTRAUMAR: Inger Mette Hogstad trur kartlegging av havstraumane vil vere viktig i kampen mot virus.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

I staden dukka det opp ein ny variant av viruset, kalla SAV2, som ikkje finst sør før Romsdal. Denne varianten er ein mildare versjon av SAV3 viruset, og har ikkje like stor døyelegheit.

Då viruset byrja å spreie seg frå Romsdal til Nordmøre sette ein i gong fleire tiltak for å hindre vidare spreiing nordover.

– Ein byrja først å slakte fisken som var smitta. Etter kvart innsåg ein at det var umogleg å hindre smitte, og ein satsa difor på andre førebyggande tiltak, seier Hogstad.

Vaksinar, gode rutinar og fokus på hygiene var blant tiltaka som vart sett i verk. I tillegg blei det oppretta smittehygieniske fellesområde som skulle ligge brakk i periodar. På den måten kunne ein fjerne smitte før ny fisk blir sett ut i området.

Stor spreiing

Likevel ser det ikkje ut til å ha stoppa vidare spreiing av viruset. Ein har no funne spor av viruset i Sør- Trøndelag, og nyleg blei det oppdaga eit tilfelle av viruset i Nord-Trøndelag.

– At nye tilfelle dukkar opp fleire plassar betyr at vi ikkje har lukkast med den strategien vi har nytta til no. Det kan hende vi må utvide dei smittehygieniske sonene, dersom dei skal bli effektive nok, seier Hogstad.

Spesielt urovekkande er det at det nyleg blei oppdaga eit tilfelle av pankreasviruset i Nord- Trøndelag.

– Det blir spanande å sjå om dette er eit eingongstilfelle eller ei utvikling. Vi har jobba hardt for å hindre at viruset skal spreie seg vidare både nordover, og sørover, seier Hogstad.

Fleire oppdrettsanlegg har utvikla gode rutinar for å handtere og redusere smitta på best mogleg måte. Likevel har Hogstad ei klar målsetjing.

– Målet er å bli kvitt sjukdomen. Ein blir like skuffa kvar gong ein oppdagar nye tilfelle, seier Hogstad.

Nye grep

Hostad trur ein må vurdere nye tiltak og større soner dersom ein vil stoppe vidare spreiing av viruset.

– Det som blir diskutert no er å opprette smittehygieniske soner som er effektive mot alle sjukdommar, også lus. Då legg ein opp til ein plan som kan overvinne fleire sjukdommar, ikkje berre ein.

Pankreasviruset spreiar seg lett med havstraumane. Hostad trur meir kunnskap rundt kartlegging av straumane i havet vil vere ein viktig i kampen mot viruset.

– Det hjelper ikkje om det er ei mil mellom to oppdrettsanlegg dersom straumane går rett mot anlegget. Straumane kan fortelje oss mykje om kor store avstandar det bør vere mellom dei ulike anlegga og smittefrie områda, seier Hogstad.

Store kostnadar

Ingjarl Skarvøy, i Salmar Organic, er positiv til nye tiltak.

– Vi opplever ikkje stor døyelegheit på grunn av viruset, og vi kan produsere fisk med godt resultat, men det er ein uønskt sjukdom som vi gjerne vil bli kvitt, seier Skarvøy.

Spesielt går det utover økonomien til oppdrettsnæringa.

– Hovudproblemet er at viruset fører til nedsett appetitt hjå fiskane i ei periode på seks til åtte veker. Det kan ein heldigvis ta igjen ved å fôre meir i ettertid. Problemet då blir høgare kostnadar til drift og fôr, held han fram.