Nye store namn til Moldejazz

Bugge Wesseltoft, Marianne Faithfull og Madcon. Lista over store namn til Moldejazz blir lenger og lenger.

Det britiske rockikonet Marianne Faithfull

Det britiske rockeikonet Marianne Faithfull kjem til Moldejazz i sommar.

Foto: ALAIN JULIEN / AFP

Onsdag presenterer Moldejazz endå fleire namn til årets festival. Både band, soloartistar og trioar er no henta inn til festivalen.

Bugge Wesseltoft

Bugge Wesseltoft kjem til Molde i juli.

Foto: K&U / K&U

I ei pressemelding nemner festivalen namn som legenda Marianne Faithfull, jazzpianisten Bugge Wesseltoft og Spellemannsprisvinnarane i Madcon.

Skandinavisk soul og hip hop

Frå før er det klart at Arve Henriksen er Artist in Residence , og at namn som Leonard Cohen , Melody Gardot, Cecil Taylor, Joshua Redman Trio, Jaga Jazzist, Atomic, Otomo Yoshihide Tomasz Stanko og Mingus Dynasty speler på Moldejazz i sommar.

Les også:

MadCon på Spellemannprisen 2008.

Madcon fekk Spellemannspris for årets eksport-pris og årets musikkvideo under Spellemannprisen 2008. I år kjem dei til Moldejazz.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Madcon og Timbuktu spelar på Romsdalsmuseet 16. juli, i det Moldejazz i ei pressemelding kallar ein "superpakke med det beste av skandinavisk soul og hip hop".

R&B-stjerna Raphael Saadiq supplerer Jamie Cullum på utekonserten onsdag, medan fleire av dei andre artistane får solokonsertar i festivalveka.

Under kan du lese kva Moldejazz skriv om dei nye namna dei offentleggjorde onsdag.

Desse namna vart klare onsdag:

  • Bugge Wesseltoft (Kanskje den internasjonalt mest profilerte norske jazzmusikaren etter Garbarek-generasjonen. Hans New Conception of Jazz har vore skuledannande. Den siste tida har Bugge med like stor suksess konsentrert seg om å utforske flygelet sine moglegheiter.)
  • Marianne Faithfull (Få har opplevd musikkbransjen så sterkt som Marianne Faithfull. Den hese og forførande klangen i Marianne Faithfull si stemme er eit praktfullt instrument i seg sjølv. Vakker og sørgmodig på same tid, full av smerte og eit bod om livets dyrekjøpte erfaringar.)
  • Timbuktu (Ein av dei største artistane i Skandinavia, Timbuktu, kjem til Molde med sin fengande blanding av hip-hop, blues og musikk frå Vest-Afrika og Jamaica. I Molde stiller han med det funky livebandet Damn!, som saman med Timbuktu sin energiske skånske rap vil få heile Romsdalsmuseet til å røre på seg.)
  • Madcon (Har i løpet av sin relativt korte karriere rukke å vinne 5 Spellemannprisar, og er no i ferd med å ta Europa med storm. Til Molde kjem dei med fullt band, med mellom anna Johnny Sjo og Kim Ofstad, som også har vore med og produsert fleire av låtane deira, deriblant storslageren ”Beggin”.)
  • Maria Kannegaard Trio (Eit av dei meir spennande banda i jazztrioformat. Her er det dynamisk og drivande samspel, sterke og fengande melodiar og eit nydeleg nyansert pianospel. Med tre album med glimrande komposisjonar, alltid med solid basis i jazz, men ofte med ei kjensle for kraftfull indierock, har dei nok materiale til å sikre ein heilstøpt konsert på festivalen sin første kveld på Forum.)
  • Mary Halvorson Trio (Gitaristen Mary Halvorson er ein del av det spennande musikkmiljøet i New York. Ho har spelt i ei rekkje band med mellom anna Jason Moran og Anthony Braxton. I 2008 debuterte ho som bandleiar med plata "Dragon’s Head". Her viser ho i spennande gitarspill og sterke komposisjonar.)
  • Huntsville (består av erfarne improvisatørar, men med instrumentering som eit lettare forvirra countryband. Dei har gitt ut to album på Rune Grammofon og fått ei enormt god mottaking rundt om i verda. Musikken dronar gjerne framover som eit tog over prærien.)
  • Eivind Opsvik - Overseas (Det siste tiåret har han budd i New York og spelt i ei rekkje interessante sammanstillingar der. Med bandet Overseas har han gitt ut tre album der han kombinerer elegant forståing for jazz og populærmusikk. Mykje av musikken på den siste plata er inspirert av amerikansk tradisjonsmusikk.)
  • Maja Ratkje + Joëlle Leandre (Leandre har fått verk skrive for seg av John Cage og Giacinto Scelsi, og er kjent for samarbeid med Derek Bailey og George Lewis. Ratkje er ein internasjonalt premiert komponist, og er kjent frå mange samarbeidsprosjekt, og som medlem av impro-orkesteret SPUNK.)
  • Marilyn Crispell (Har fått stor respekt som frijazzutøvar, ofte assosiert med Cecil Taylors ekspressive stil. Dei siste åra år har vi møtt henne som ein meir lyrisk, klangleg søkande pianist med ein avklart ”gjennomsiktigheit” i uttrykket.)
  • Raphael Saadiq (Et av de viktigste navnene på den amerikanske soul og r&b-scenen, og har hatt denne posisjonen i snart 20 år. Han er kjent som produsent og låtskriver for artistar som D’Angelo, Erykah Badu, The Roots, Mary J. Blige og Snoop Dogg og mange fleire. I tillegg er han ein fantastisk soloartist med ei utruleg soulstemme.)

Kva tykkjer du om programmet til Moldejazz 2009? Sei di meining under.