Hopp til innhold

Sakna 25-åring funnen omkommen i Rauma

Den sakna 25-åringen blei funne omkommen fredag. Mannen hadde vore sakna sidan onsdag etter at han ikkje kom heim frå ein fjelltur.

Leteaksjon Rauma

Store leitemannskap vart sett i sving for å finne den sakna mannen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det var den 25 år gamle Jostein Brage Dahlum frå Levanger i Trøndelag som fredag formiddag vart funnen omkommen ved Nyheitinden i Rauma.

– Vi kan bekrefte at den 25-år gamle mannen er funnen omkommen, seier lensmann i Rauma, Roar Mordal Hilde.

Pårørande er varsla.

Han vart funnen på veg opp til Nyheitinden i Rauma. Leitemannskap gjorde observasjonar litt før 12.00, og mannen vart funnen 12.40.

– Det er nærliggande å tru det er ei fallulykke. Det er eit krevjande område å gå i, seier Hilde.

Store leitemannskap vart sett i sving

Den 25-år gamle mannen skulle på fjellet Nyheitinden onsdag. Torsdag fekk politiet ei bekymringsmelding frå kjenningar av mannen, om at dei ikkje hadde kome i kontakt med han sidan han la ut på fjellturen onsdag.

Leteaksjon Rauma etter funn

Politi og redningsmannskap i møte etter at 25-åringen vart funnen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Mannen er frå Trøndelag, men var busett i Ålesund. Han skal ha sagt han skulle opp på den 1598 meter høge toppen aleine.

Fire kameratar av den sakna kom til Grøvdalssetra fredag morgon. Dei og fleire ekstrem-fjelløparar deltok i søket. Det skriv Åndalsnes Avis.

– Skodda har letta opp på fjellet, så leiteforholda er betre i dag enn dei var i går. Vi leiter med alt av tilgjengelege ressursar for å finne mannen, sa innsatsleiar i politiet, Karl Jonas Volen til NRK fredag føremiddag.

Innsatsleder Karl Jonas Volen leteaksjon Rauma

BETRE FORHOLD: Innsatsleiar i politiet seier vêrforholda er betre i dag, og dei leiter etter den sakna 25-åringen med full styrke.

Foto: Roar Strøm / NRK

Heile torsdag søkte leitemannskap etter 25-åringen som blei meldt sakna då han ikkje kom tilbake frå ein tur på Nyheitinden i Rauma. Søka blei avslutta torsdag kveld, men starta opp igjen fredag morgon.

Mannskap frå mellom anna Norsk Folkehjelp, Røde Kors, Norske Redningshunder og den alpine redningsgruppa deltok i leiteaksjonen.

Tåke skapte problem

Torsdag kveld var det så tjukk skodde i området at det gjorde leiteforholda vanskelege.

Politiet fann bilen til mannen på parkeringsplassen som er vanleg å bruke når ein skal gå på fjellet Nyheitinden. Torsdag fekk politiet tips frå andre turgåarar som skal ha sett den sakna mannen.