Eit samrøystes kommunestyre valde å utsette spørsmålet ytterlegare ein månad.
Nytt forslag
Årsaka til utsettinga var eit innspel frå Venstre, støtta av Arbeidarpartiet, KrF og SV, som inneber at elevar blir overførte frå sentrumsskulen i Hareid til skulen på Bigset.
Dette forslaget har ikkje vore ute på høyring og saka blei difor utsett.
Kokelimonke
Fraksjonsleiar for sentrumskulen i Hareid, Odd Arve Riise, er svært skuffa over avgjerda i går som han karakteriserer som kokelimonke.
- Eg må seie at på vegne av alle foreldra som har jobba med saka, og administrasjonen og dei politikarane som har tatt saka alvorleg, så er dette sørgeleg, seier Riise
Heller ingen av politikarane hadde eigentleg ønska seg ei utsetting.
Ordførar Gunn Berit Gjerde(V)
Ordførar Gunn Berit Gjerde(V) hadde helst sett at kommunestyret gjekk inn for det forslaget som ble lagt fram.
- Eg ønskjer å bli ferdig med denne saka, og eg trur vi kunne ha fått eit vedtak som hadde brakt oss eit langt skritt vidare med økonomien, seier Gjerde.
Ulovleg?
Men det er ikkje berre høyringsfristen som skapar problem. Ifølgje oppvekstsjef Hans Gisle Holstad bryt forslaget med eit tidlegare stortingsvedtak som går mot å dele klasser.
Viss forslaget vert vedteke på neste møte, treng det difor ikkje bety slutten for den opprivande skuledebatten i Hareid.
Knapp tid
- Det blir tøft og eg håper det blir ei avgjerd i april slik at vi får tid til å planleggje kva som skjer til neste år, seier Holstad.
Han peikar mellom anna på at dersom lærarar må seiast opp, er fristen i mai.