Nye reglar for EU-kontroll
Frå og med i dag avgjer ikkje siste siffer i registreringsnummeret på bilen din når du må ta EU-kontrollen. – Det aukar fleksibiliteten for bileigarar, som kan gjennomføre EU-kontrollen når det passar for dei, meiner Statens vegvesen. Kontrollen må vere gjennomført innan to år sidan siste godkjende kontroll. Bileigar får framleis påminning om EU-kontrollen.