Historiene er mange og planane store for dei som har tatt på seg å restaurere den gamle fyrstasjonen på Haugsholmen nord for Stad.
Fyret som ligg på Frekøya var i drift i 100 år før siste fyrvoktaren flytta derifrå på slutten av 1970-talet.
Deler av fyrstasjonen står på skade og treng oppussing.
Foto: :yvind Berge Sæbjørnsen / NRKForfallet har kome langt - og det hastar å kome i gang. Men frå august har ikkje lenger kommunane noko dei skal ha sagt i samband med byggesøknader på fyrstasjonane. Då vert det opp til miljøstyresmaktene å avgjere kva for tiltak som vert lov å gjennomføre.
Trafikken er stor og utfordringane har vore mange. Frekøya er ein del av verneområdet for sjøfugl. Etter at frivillige tok på seg anvaret for fyrstasjonen vart det forbod mot å gå i land i hekketida. Dette vart seinare endra.
Mykje arbeid gjenstår. Målet er å vidareføre kulturarven frå fyrlivet som no er historie. Gir kommunen byggeløyve kan den nedblåste løa vere gjenreist i løpet av sommaren. Så vil det vise seg om dyreliv og kystkultur framleis kan leve side om side på dei mange fyra langs kysten.
Sjå video over.