NRK Meny

Nye prosjektleiarar til SNR

Helse Møre og Romsdal har tilsett Hans Christian Ofstad som prosjektleiar og Olav Finnøy som hovudansvarleg for å leie arbeidet med organisasjonsutvikling i Sjukehuset Nordmøre og Romsdal-prosjektet. Ofstad har bakgrunn som klinikksjef for kirurgi ved Kristiansund sjukehus og har sete i leiargruppa i føretaket. Finnøy har erfaring som personaldirektør i føretaket.