Hopp til innhold

Nye opplysningar i drapssak

Politiet har bestemt seg for å gå gjennom ei 25 år gammal drapssak i Molde ein gong til.

Molde politistasjon

Drapet på Laura Birkeland i Molde har vore uoppklart i 25 år. No blir den tatt opp igjen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Nye opplysningar er bakgrunnen for at saka blir tatt opp igjen, etter at Laura Birkeland i romjula for 25 år sidan blei funnen bakbunden og kvalt i si eiga seng.

Saka kan ende hos Cold Case-gruppa i politiet, melder rbnett.no. (krev innlogging).

Ein slektning av den drepne, og kameraten hans, blei først sikta for drapet, men eit år seinare blei den fråtalt, på grunn av bevisets stilling. Dei to har seinare ønskt at saka blei tatt opp igjen.

Systematiserer informasjon

Ove Brudevoll

Ove Brudevoll seier dette kan bli ei sak for Cold Case-gruppa i Kripos.

Foto: Roar Halten

– Slike saker blir aldri heilt lagt vekk, seier politiinspektør Ove Brudevoll til rbnett.no.

Han ønskjer ikkje å gå i detalj i kva som ligg til grunn for gjenopptakinga, men folk som gjennom tida har tatt kontakt med politiet, og notat som politiet har gjort seg, gjer at dei i sum ønskjer å sjå på saka ein gong til. Så kan eventuelt Cold Case-gruppa i Kripos bli kopla inn.

– No ser vi på, og systematiserer, den informasjonen vi har, for å sjå om det er grunnlag for å etterforske vidare, seier Brudevoll.