Hopp til innhold

Idrettslag i små kommunar får ikkje spele kamp

Koronareglane gjer det lovleg å spele kamp mot lag i eiga kommune. Det går utover bygdekommunar med berre eitt påmeldt lag. – Urettferdig, seier idrettslaget i Volda.

Fotballkamp mellom Volda og Ørsta

Volda og Ørsta kan ikkje møtast til kamp slik retningslinene er no. Lag kan berre spele mot klubbar i same kommune.

Foto: Bernt Humberset

Barn og unge skal få lov å spele kamp igjen, har regjeringa bestemt. Føresetnaden er at kampdeltakarane i idrettar som fotball og handball tilhøyrer same kommune. Det skaper problem for små kommunar som Volda. I fleire årsklasser i fotball er det berre eitt påmeldt lag i serien.

Dermed har dei ingen andre i kommunen å spele treningskamp mot.

– Det kjennest svært urettferdig. Det kjennest ut som det må vere ein glipp i retningslinene. Det verkar hol i hovudet, seier Solveig Storeide, klubbutviklar i Volda turn- og idrottslag.

Fire minutts køyring

Solveig Storeide

Solveig Storeide i Volda TIL meiner dei nye retningslinene må vere ein glipp.

Foto: privat

Ho kan ikkje forstå kvifor Volda ikkje kan treffe Hovdebygda idrettslag fire minutt unna eller Ørsta ti minutt unna, berre fordi klubbane tilhøyrer nabokommunen.

Heller ikkje barna forstår det. Dei jubla først då dei las overskriftene om at no blir det lov å spele kamp igjen, før dei oppdaga at dette ikkje gjeld alle.

– Det kjennest urettferdig at mange av dei andre laga du spelar i serie med får spele kampar, men ikkje vi, seier Storeide.

Sjølv har ho ein gut som spelar på 16-årslaget til Volda. Han reagerer på at han kan gå i klasse med mange frå nabokommunane, men ikkje spele kamp mot dei same.

Storkommune får kamptrening

Bjørn Oskar Haukeberg

Dagleg leiar i Sunnmøre fotballkrets, Bjørn Oskar Haukeberg.

Foto: Arne Flatin / NRK

Også Sunnmøre fotballkrets er kritisk til dei nye reglane og har sendt eit opprop til ordførarane. Kretsen viser eit døme i klassen G16 der halvparten av laga tilhøyrer klubbar i den nye storkommunen Ålesund. Dei kan lovleg spele kamp. Resten av dei påmelde laga kjem frå små kommunar med berre eitt idrettslag og kan dermed ikkje spele.

– Vi meiner dette blir urettferdig når halvparten av ungdomsfotballen ikkje får spele treningskampar, seier dagleg leiar Bjørn Oskar Haukeberg.

Fotballkretsen ber ordførarane om å opne for kampar på tvers av kommunegrensene, så lenge smitten er lav i regionen.

Kommunelegane skal vurdere

Sølvi Dimmen, ordførar Volda, ordførarkjede

Sølvi Dimmen (Sp) er ordførar i Volda.

Foto: Arne Flatin / NRK

Måndag møttest sju ordførarar på Søre Sunnmøre for å diskutere problemet.

– Eg skjøner godt at idrettslaga reagerer. Eg meiner det går utover motivasjonen når barn og unge ikkje får spele kamp. Ungdom er allereie i ein pressa situasjon, seier ordførar i Volda, Sølvi Dimmen.

Ordførarane sender no saka over til dei lokale kommuneoverlegane og ber dei lage nye retningsliner. Politikarane ser for seg at dei sju kommunane på Søre Sunnmøre blir ein region og at idrettslaga kan møtast til kamp.

Helse veg tyngst

Abid Q. Raja

Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja seier at dei helsefaglege råda har vege tyngst i saka.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja seier at han forstår frustrasjonen godt.

– Regjeringa har fatta eit vedtak der dei helsefaglege råda har vege tyngre enn idrettsomsyna. Dette handlar om å avgrense mobiliteten for å kontrollere smittesituasjonen, seier Raja.

Han håper idretten finn gode løysingar for å gjennomføre lokale konkurransar slik at barn og unge får best mogleg tilbod dei neste vekene. Dei som driv med utandørs konkurranse utan nærkontakt kan konkurrere i idrettskretsane og idrettsregionane.

– Dette er ei betydeleg normalisering som kjem mange barn og unge som driv med vinteridrett til gode, seier Raja.