NRK Meny
Normal

Nye jubelscener i Kristiansund?

Kristiansund nektar å tape på heimebane. I dag kjem Stabæk på besøk, med ein storscorar tilbake frå karantene.

Eliteserien 2017 Kristiansund-Tromsø.

JUBEL: Benjamin Stokke feirar etter at Kristiansund tok leiinga mot Tromsø, i det som blei ein storsiger. I dag kan det bli nye mål og meir jubel når Stabæk kjem til nordmøre.

Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Kristiansund har ikkje tapt på heimebane sidan sesongopninga mot Molde. Det er ein trend nordmøringane gjerne vil vidareføre i kveld.

Men det har vore mykje uavgjort, fram til ein knusande siger over tabelljumbo Tromsø sist heimekamp.

Ohi tilbake

Stabæk har hatt ujamne prestasjonar i det siste, men kan bli farlege. Dei får blant anna tilbake Ohi frå karantene. Spissen som har scora 15 mål for bæringane denne sesongen.

Laster innhold, vennligst vent..