Hopp til innhold

Nye hurtigruteskip langs kysten

To av dei nye hurtigruteskipa som blir bygde hos Kleven kjem til å segle langs norskekysten sommaren 2019. Dei nye skipa blir bygde som ekspedisjonsskip og skal i utgangspunktet ikkje gå inn i den ordinære kystruta. MS Roald Amundsen, får flest anløp i Møre og Romsdal, med Geiranger, Ålesund, Molde og Kristiansund på strekninga mellom Amsterdam og Svalbard. MS Fridtjof Nansen skal berre innom Geiranger her i fylket på strekninga Hamburg-Kirkenes.

MS Fridtjof Nansen og MS Roald Amundsen
Foto: HURTIGRUTEN

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL