Hopp til innhold

Nye byggereglar i dag

Frå og med i dag er fleire nye byggereglar. Mellom anna vert det krav til radonsperre, energiforsyning og tilgang for funksjonshemma.

Nye byggereglar frå 1.juli

Pål Søvik og Ingunn Haugen studerer dei nye reglane.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kommunane kan pålegge gebyr på opp mot 400 000 kroner dersom reglane ikkje vert følgde.

Pål Søvik

Pål Søvik

Foto: Arne Flatin / NRK

Dagleg leiar Pål Søvik i Nordbohus i Ålesund synest det er bra at reglane vert skjerpa.

Det er nok av døme på byggesaker som har ført til erstatningssaker. På landsplan kostar byggefeil samfunnet fleire milliardar kroner kvart år.

No vil styresmaktene skjerpe regeleverket, og frå og med i dag vert det radonsperre, meir klimavennlege løysingar og bygga skal tilpassast alle aldrar og livssituasjonar.

Gebyr på 400.000


Kommunane kan pålegge gebyr på opp mot 400 000 kroner, men så langt er det i følge byggebransjen sjølv noko uklart kven som skal kontrollere at dei nye reglane vert følgde...

Nye krav til byggebransjen

Byggeplass på Hessa i Ålesund

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL