Hopp til innhold

Nye bilde frå bybrannen

Hittil ukjende bilde frå Ålesund i tida rundt bybrannen er donerte til Aalesunds museum.

Nye bilder fra bybrannen i Ålesund
Foto: Rune A. Hansen / NRK

Dei tilsette ved Aalesunds museum fekk seg ei stor og gledeleg overrasking nyleg: Uventa dukka det opp ein bunke fotonegativ frå tida rundt bybrannen, dei aller fleste bilde dei ikkje hadde sett før.

Ei stor gåve

Eit ektepar frå Stabekk fann ei boks med 19 gamle glasplater, eller foto-negativ, i ein kommode. Heile 15 av desse har ikkje dei tilsette ved Aalesunds museum sett før.

- Eg fekk nesten hjarteinfarkt, seier Einar Gustafsson ved Aalesunds museum.

-Ein kan nesten gå ned i gatene og snakke med folk.

- Her ser vi Kirkegata 18 og der har vi Kirkebakken og trea framfor kyrkja. På dette bildet ser vi Kirkegata 16, fullt av folk og masse liv i gata.

Nye detaljar

Fotograf Marit Brunstad scanna inn bilda, og etter få minutt var nye vinklar frå Ålesund både før og rett etter brannen tilgjengelege for studering på dataskjermen.

Bilder fra bybrannen i Ålesund

Fotograf Marit Brunstad og Einar Gustafsson ved Aalesunds museum studerer dei nye bilda.

Foto: Rune A. Hansen / NRK

- Film er meir sjeldan no til dags, og glasplater er det berre Gustafsson som kjem med, smiler Brunstad.

Gustafsson lover også å ha bilda klare for publikum så snart som mogleg.

- Eg har jobba på museet i mange år, men dette er stort.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL