Nye avhøyr på måndag

Politiet held framleis på med å gjennomgå materialet dei har fått inn i samband med etterforskinga av eit drap og ei valdshending i Molde førre veke. – Det er mykje ein skal gå gjennom, så det vil ta tid, seier politiinspektør Yngve Skovly.

På måndag vil det også bli gjennomført nye avhøyr av den sikta mannen i 20-åra. Det er endå usikkert når guten i tenåra, som blei skadd i valdshendinga, kan bli avhøyrt. Han ligg framleis innlagd ved St. Olavs hospital i Trondheim. Helsetilstanden til guten vil avgjere når han kan bli avhøyrt.