Hopp til innhold

Nye avhøyr over helga

Det blei i går gjennomført nye avhøyr av den sikta i drapssaka i Molde. Natt til onsdag førre veke blei ei kvinne funnen død i heimen sin i Molde. Ein mann i 20-åra er sikta for drap og grov kroppsskade etter hendinga.

Mannens forsvarar, Roy Peder Kulblik, seier at det ikkje blir nye avhøyr før etter helga. Den sikta erkjenner ikkje straffskuld for drapet – Forklaringa hans er framleis at han ikkje hugsar kva som skjedde, seier Kulblik til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL