Geiter har fått jobb ved høgskulen i Molde

Ved Høgskulen i Molde har tre uvanlege «studentar» hatt sin første skuledag i dag. Dei skal hindre gjengroing og spreie glede ved høgskulen

Geiter ved Høgskulen i Molde

Det var Geir Gaupset kom med ideen om å plassere geiter ved Høgskulen i Molde for å hindre gjengroing.

Foto: Roar Strøm / NRK

Dei tre geitene Aurora, Ludde og Lille My, har fått ei viktig oppgåve, og held til i eit krattområde like ved skulen.

– Dei skal hjelpe til å halde skogveksten nede. Det er berre to år sidan vi rydda sist, men det har kome mykje skog og kratt i området rundt skulen sidan då. I staden for å bruke sprøytemiddel tenkte vi å prøve med geiter, seier driftsleiar Geir Gaupset.

Spreier glede

I tillegg til å hindre gjengroing skal geitene også spreie glede blant studentane.

– Vi håper på eit triveleg samspel mellom geitene og studentane, og håper at geitene vil trivst i lag med oss, seier Kari Gagnat, som er personal- og økonomidirektør på høgskulen.

– Så langt har studentane vore storfornøgde, seier Gaupset.

– Kva treng geitene for å trivast?

– Mat, kos og ro. Dei er veldig sosiale, men treng òg litt ro. Det beste er ein kombinasjon av desse tinga, seier han.

Les også:

Fleire formål

Allereie i går fekk dei tre geitene teste ut den nye heimen sin. Og sjølv om det meste no er på plass, var det likevel ikkje alt som gjekk heilt etter planen.

Geiter ved Høgskulen i Molde

Dei tre geitene skal hindre gjengroing ved Høgskulen.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Ja, vi fekk eit lite problem i går kveld. Gjerdet var litt lågt ein plass så då hoppa geitene over. Det blir fiksa i dag, seier Gaupset med eit smil.

Det var Gaupset som kom med ideen til å bruke geiter til å hindre gjengroing ved Høgskulen. Han driv sjølv med geiter på hobbybasis og trur geitene vil finne seg godt til rette ved skulen.

– Dei et jo det meste og kjem til overalt, så eg trur det vil fungere bra.

Ute heile året

Gaupset vil i utgangspunktet prøve å hindre gjengroing med tre geiter. Etter kvart kan det kome fleire geiter til.

– Det er nok utfordrande med nye lydar og eit nytt miljø no i starten. Det var truleg det som gjorde at dei hoppa over gjerdet i går, men eg trur det blir betre når dei blir meir vand til å vere her, seier han.

Dei tre geitene er kasjmirgeiter og er difor godt egna til å vere ute heile året.

– Det som er spesielt med desse er at dei er litt rolegare enn den norske geita. I tillegg kan dei gå ute heile året fordi dei har ei tett og fin ull som toler alle temperaturar, seier han.