Ny Widerøe-kontrakt

Widerøe får halde fram å flyge mellom Bergen og Ørsta Volda lufthamn Hovden dei neste fire åra. Samferdsels-departementet har fordelt kontraktar på drift av regionale ruteflygingar i Sør-Norge. Widerøe var einaste tilbydar på Hovden og dei øvrige rutene på Vestlandet. Samferdselsminister Jon Georg Dale meiner dei gjennom kontraktstildelingane vidarefører eit godt kollektivtilbod i distrikta.

Ørsta- Volda lufthamn, Hovden.
Foto: Ørsta-Volda lufthamn