Ny verdsrekord

Basehoppar Tom Erik Heimen frå Molde har i dag forsøkt å ta ny verdsrekord i basehopp frå Hoven i Loen. Målet var å gjennomføre 70 hopp på 24 timar, den førre rekorden var på 63. I ettermiddag blei det klart at Heimen har slått den gamle rekorden. Heimen greidde nesten å nå målet sitt om 70 hopp, og enda til slutt på 66 hopp frå Hoven.

Tom Erik Heimen setter verdsrekord frå Hoven i Loen
Foto: Sondre Olav Bø Nesje/Loen Skylift