Ny trend: Droppar russebuss og brukar beina

Det blir stadig færre russebussar og russebilar på norske vegar. Dei siste ti åra er talet på bussar og bilar halvert.

Gåruss på Fargerlia

Fleire russ brukar beina og vel å ikkje investere i køyretøy til russetida.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

– Vi ser at fleire organiserer seg i vandregrupper. Her lager ein også eit konsept som på russebilar eller på russebussar, men vel å ikkje investere i eit køyretøy, seier Iselin Andresen Olafsen, PR-ansvarleg for Russens hovedstyre i Oslo og Akershus.

Tal frå forsikringsselskapet IF viser at talet på russebussar og russebilar har blitt halvert dei siste 10 åra.

Russebussen Gullet 2018

Talet på russebussar går ned. Her er gjengen på russebussen Gullet frå 2018.

Foto: Privat

Spesielt er det stor nedgang i talet på russebussar i området Asker og Bærum. I fjor var det 24 russebussar, i 2016 var det 34. Toppåret var 2009, då var det 51 russebussar heimehøyrande i Asker og Bærum.

Har konsept, men ikkje bil

På Fagerlia vidaregåande i Ålesund er det fleire som bevisst har tatt valet om å ikkje vere med på russebil.

– Vi var ein gjeng som ønskja å vere saman i ei gruppe i russetida, men såg ikkje behovet for bil. Vi måtte legge inn mykje dugnadstimar på å få råd til å betale, seier Josefia Longva Danielsen.

Gåruss

Josefia Longva Danielsen, Eline Eide Grønningsæter og Annelie-Mari Heim har vald å ikkje investere i russebil fordi det er dyrt.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes

Ho er med i gruppa «Hemningslaus 2019», men utan russebil. Og det har ho ikkje angra på.

– Vi såg ikkje behovet for bil. Det kostar mykje pengar, samtidig som det vil ta ein del tid å finansiere med dugnadar og planlegging, seier ho.

Prioriterer skule

For Annelie-Mari Heim var også økonomien ein viktig faktor, men fokuset på skulen sto også sterkt.

– Det går mykje tid å planlegge russebil. Og eg ønskja å fokusere på å få best mogleg karakterar, seier ho.

Sjølv om russejentene ikkje har bil, har det ikkje sett noko dempar på russetida.

– Vi får alltid sitte på med nokon andre, eller så finn vi andre måtar å komme oss dit det skjer. Stort sett held vi oss på same plassen heile kvelden, så det er ikkje noko problem, seier Elin Eide Grønningsæter.

Færre vel å invistere i russebilar elller russebussar

Russebilar går ofte i arv frå russekull til russekull.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Kostar for mykje

Fellesnemnaren er økonomi. Det stiller informasjonssjef If forsikring, Sigmund Clementz seg bak. Russebussar og russebilar går ofte i arv frå russekull til russekull. No ser If ein tendens til at desse russebussane byrjar å bli for gamle.

Sigmund Clementz

Informasjonssjef If forsikring, Sigmund Clementz.

Foto: If

– Mange russebussar blir «pensjonert» fordi dei er for gamle. Det er også vanskeleg å skaffe seg nye bussar, for dei støttar ikkje krava som russen har sjølv, seier Clementz.

PR-ansvarleg Iselin Andresen Olafsen Russens hovedstyre stadfestar at det er færre bussar tilgjengeleg. Som ein konsekvens er det også fleire som går saman om bussane som er igjen.

– Før var det vanleg at ein var 15 stykke på ein russebuss, mens no er det meir vanleg å vere 25 stykk, seier Olafsen.

Russebuss rulling

Tal frå If forsikring viser at det har vore halvering i talet på russebussar og russebilar i åra 2009 til 2019.

Foto: Kyrre Lien / NTB scanpix