Hopp til innhold

Ny teknologi skal auke hummarbestanden

Det jobbens nå systematisk med å få opp hummarbestanden rundt Smøla og Aure. Eit samarbeide mellom lokale fiskarar og firmaet Norsk Hummar håper å gi ny giv til kommersielt hummarfiske.

Det vert no arbeidd systematisk med å få opp hummarbestanden rundt Smøla og Aure. Eit samarbeid mellom lokale fiskarar og firmaet Norsk Hummar har som mål å få auka det kommersielle hummarfisket.

Sjå tv-saka: Håper ny teknologi og samarbeid med lokale fiskarar skal få opp hummarbestanden. Foto/redigering: Roar Halten.

I skjergarden ved Rosvoll på Smøla er Frank Spetland, fagleiar hos Norsk Hummar, godt i gang med å sleppe ein hummar ut i sjøen.

Hummer Frank Spetland

Frank Spetland fagleiar hos Norsk Hummar, slepp hummaren ut i sjøen.

Foto: Roar Halten / NRK

Ei delikatesse til mange hundre kroner kiloen blir dermed sleppt fri, og å kaste hummar på sjøen er kanskje ikkje det dei fleste assosierer med å tene pengar på hummarfiske. Men det heile er ein del av ein større plan.

– Det er denne her som skal bidra til at vi kan fiske opp hummar i neste omgang, seier Hannasvik medan han slepp ein ny hummar ut i sjøen.

Aukar sjansen for å overleve

Hummaren blir nemleg hausta for rogn før den blir sleppt ut att i sjøen.

Hummer

Hummaren blir hausta for rogn.

Foto: Roar Halten / NRK
Annicken Myran Aunhaug

Annicken Myran Aunhaug, driftsleiar i Norsk Hummar.

Foto: Roar Halten / NRk

– Her kan du sjå at fargen på hummaren har endra seg, så her har vi ein rognhummar som er ganske klar til å klekke, forklarar Annicken Myran Aunhaug, driftsleiar i Norsk Hummar, medan ho tek ein hummar opp av eit stort kar.

Hummarlarvane blir klekt i lukka anlegg og ført tilbake der mora blei fiska. Det bidreg til å auke sjansen for å overleve med fleirfaldige gongar.

Frå berre 0,6 prosent sjanse for å overleve når dei blir klekt i det fri, så aukar sjansen til 15 prosent med denne metoden.

– Dersom om lag 30 av 200 overlever, så er vi fornøgde, seier Aunhaug.

Ønskjer å skape verdiar lokalt

Tilbake på sjøen er det klart for å sleppe fri dei knapt to veker gamle larvane.

Hummarrogn

Hummarlarvane skal bidra til å auke hummarbestanden i Noreg.

Foto: Roar Halten / NRK

Frank Spetland fagleiar hos Norsk Hummar, har tro på at samarbeidet med lokale fiskarar vil lønne seg.

– Vi ønskjer å skape verdiar lokalt som blir verande lokale. Sjølv om vi skal drive med eksport er det dei lokale som har kjennskap til områda og som veit kvar hummaren er. Dermed kan dei hjelpe oss til å finne dei beste plassane for å sette ut att hummaren, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL