Ny superkur mot biholebetennelse

Augedropar mot biholebetennelse i kjeven kan vere betre for pasienten enn tradisjonell antibiotikakur med tablettar.

Fastlege Iris Relling Nielsen

Fastlege Iris Relling Nielsen er glad for at Tidsskrift for Den norske legeforening har fatta interesse for augedråpebehandlinga.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Fastlege Iris Relling Nielsen har gjennomført eit forskingsprosjekt der ho behandla kjevebihulebetennelse med augedropar i staden for tablettar.

Ho har funne fleire grunnar til at dropane kan vere betre.

– Dei som fekk behandling med dei nye øyedråpene melde tilbake at dei fekk kortare behandlingstid før dei blei vesentleg betre av sine plager. Dei blei også spurt om dei hadde biverknader, og det var det få som hadde, seier fastlege Iris Relling Nielsen i Haram.

Færre biverknader

Fastlege Iris Relling Nielsen

– Dei som fekk behandling med dei nye øyedråpene blei vesentleg betre, seier fastlege Iris Relling Nielsen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Førti personar var med i forsøket – halvparten av dei fekk tradisjonell behandling med antibiotika tablettar – resten fekk altså behandling med augedropar.

Dropane viste seg å ha færre biverknader – behandlingstida var kortare enn med tablettar – og pasientane var jamt over meir tilfredse med å kunne bruke augedropar.

Det negative med tablettar er biverknadene, seier Nielsen.

– Det kan vere diarè, soppinfeksjon i underlivet hjå kvinner, og det kan vere allergiske reaksjonar. Den store bruken av antibiotika i Noreg kan også vere med på å utvikle resistente pasientar, seier Nielsen.

– Verdt å publisere

No blir arbeidet publisert i Tidsskrift for Den norske legeforening – det er Nielsen godt nøgd med.

– Eg har hatt flotte rettleiarar som har støtta meg, og no ser også tidsskriftet at dette kan vere verdt å publisere.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.