Ny smitte i Surnadal og Aure
Både Surnadal og Aure kommunar melder om ein utanlandsk gjestearbeidar kvar som har testa positivt på korona. Den smitta i Aure testa seg på Værnes lufthamn på laurdag, og skal ikkje ha vore i kontakt med lokalbefolkninga ved ankomst til Aure. Arbeidaren i Surnadal var i innreisekarantene fram til testsvar, og hittil er éin person rekna som nærkontakt.