Ny skule opna i dag
Ulsteinvik barneskule til 75 millionar kroner vart teken i bruk for første gong i dag. Skulen erstattar gamle brakker og gir romslegare forhold for dei 450 elevane og 65 tilsette. Til saman 230 elevar kan bruke nybygget som også rommar administrasjon, kantine, arbeidsrom for lærarar og garderobe. Rektor Karen Strand seier til NRK at dette er ein stor dag for sentrumsskulen i Ulstein kommune. Den gamle delen av skulen skal framleis brukast-