NRK Meny
Normal

Her er redningsskøyta «Idar Ulstein»

– Det er 17. mai og julaftan på ein gong, seier generalsekretær Rikke Lind om gåva Redningsselskapet får frå Ulstein-gruppa.

Ny redningsskøyte

NY TYPE, NY BÅT: Redningsskøyta Idar Ulstein blir den fyrste i ei ny klasse for Redningsselskapet.

Foto: Redningsselskapet

Ulstein-gruppa gir ei stor gåve til Redningsselskapet. Den betaler ein del av ei ny redningsskøyte som skal hjelpe dei som treng det langs kysten.

– Me får ei heilt ny redningsskøyte. Ein ny design og ei ny klasse, seier generalsekretæren.

Den nye båttypen skal kome raskare fram der ting skjer, og også vere i stand til å ha med seg alt utstyr ein treng, og ha stor trekkraft.

Skal vere klar i 2015

RS Idar Ulstein

RS IDAR ULSTEIN: Slik skal den nye redningsskøyta bli.

Foto: Redningsselskapet

Onsdag ettermiddag blir den nye redningsskøyta presentert på messa Nor-shipping som går føre seg på Lillestrøm. Då presenterer Redningsselskapet den nye skøyta saman med Gunvor Ulstein og Tore Ulstein.

– Det er ikkje kvardagskost. Det er ein fantastisk dag for Redningsselskapet. Det er 17. mai og julaftan på ein gong. Eg er så stolt på vegner av alle vore tilsette og frivillige, seier Rikke Lind.

Idar Ulstein

FÅR NAMNET PÅ REDNINGSSKØYTE: Den nye redningsskøyta blir kalla opp etter Idar Ulstein.

Foto: Ulsteingruppen

Ho vil ikkje seie for mykje om detaljane rundt den nye redningsskøyta før presentasjonen, men seier at den skal vere klar i løpet av 2015, og at den blir stasjonert på Vestlandet eller i Nord-Noreg.

– Unikt

– Det at ei bedrift gir oss så mykje pengar er heilt unikt, og viser eit samfunnsansvar som står fram som heilt spesielt og uvanleg.

Redningsselskapet har per i dag om lag 1200 redningsmenn fordelt på 42 redningsskøyter langs heile kysten. Ifølgje nettsida til selskapet er målet å aldri vere meir enn ein time unna når ulukka er ute.

– Me er veldig glade, og det er ei stor ære for oss, å få denne gåva, og å få namnet Idar Ulstein på ei av våre skøyter. Han var ein fantastisk person, og hadde stor betydning både i lokalmiljøet, i den maritime næringa, og også for Noreg, seier Lind til NRK.

Idar Ulstein bygde opp Ulstein Mekaniske Verksted til ei storbedrift av internasjonalt format. På 1990-talet hadde selskapet 4500 tilsette i meir enn 30 land. Ulstein døydde etter lang tids sjukdom i april 2012 .