NRK Meny
Normal

Skal bli tryggare å segle langs norskekysten

Det skal bli tryggare å segle langs norskekysten. Midt Norge er først ute.

Det skal bli tryggare å segle langs norskekysten. Kystverket er i gang med å fornye og forbetre merkinga frå svenskegrensa til russegrensa. Målet er at Norge skal få verdas beste og mest moderne skipsleimerking. Midt Norge er først ute.

Kystverket vil gjere det tryggare langs norskekysten.

Kystverket er i gang med å fornye og forbetre merkinga frå svenskegrensa til russegrensa.

– Norskekysten skal bli den beste i verda, seier Roger Njord Svinø, avdelingssjef i Kystverket.

Målet er at Norge skal få den beste og mest moderne skipsleimerkinga i verda.

Midt Noreg først ut

No er kystverket i gang med å vurdere korleis over 22.000 sjømerkjer langs heile kysten vår kan bli forbetra og modernisert.

– Vi startar her i Midt Noreg og skal etterkvart rulle det ut over resten av norskekysten, seier Svinø.

Bakgrunnen for prosjektet er ein rapport frå 2010 som viser at over halvparten av fyr, lykter og merkjer treng vedlikehald.

– Vi har eit behov for fornying som i 2010 blei estimert til 2,2 milliardar kroner, seier Svinø.

Skal bli kartlagt

Gamle merker med kulturhistorisk verdi skal bli tatt vare på.

– Men mange andre skal bli skifta ut med nye i moderne materialar som både er billigare og meir driftssikre, seier Svinø.

Kartlegginga av sjømerka skal vere ferdig i løpet av nokre månader og gi grunnlag for å søke om ekstra midlar både til oppgradering og fornying.