Eit samrøystes Storting ber no om at alle asyl-familiar med barn, som har vore i landet i meir enn tre år, får gjenopptatt sakene sine.
Redd for å gle seg
Den albanske familien på fire har site i asyl i Straumsnes kyrkje sidan 2001. Izmet Kajolli seier til NRK at han er svært glad for avgjerda, men at han er redd for å gle seg for tidleg.
Kajolli-familien
- Vi har blitt skuffa fleire gongar tidlegare, seier Kajolli til NRK.
Sterke føringar
Men ifølgje saksordførar for kommunalkomiteen på Stortinget, Anita Apelthun Sæle, så skal det mykje til før familien Kajolli og dei andre familiene i same situasjon, må ut av landet. I dag bestemte eit samstemt Storting seg for å legge sterke føringar for utlendingsnemda. Det er asylsøkjande familiar med barn som har vore i Noreg i over tre år, som no får sakene sine behandla på nytt.
Anita Apelthun Sæle
Sæle seier ho er sikker på at dette er positivt for barna som har budd i Noreg lenge. - Sakene skal behandlast på nytt og den nye behandlinga skal bygge på sjenerøsitet og på barnas beste. Barna skal bli høyrt og vere hovudfokus, seier Anita Apelthun Sæle.
Ordførar i Tingvoll, Kristin Sørheim har lenge engasjert seg for Kajolli-familien, og meiner at dette er ein viktig dag.