Hopp til innhold

Ein ny sjanse for asylbarna

Ein syrisk familie i Vestnes har fått avslag på søknad om opphaldsløyve to gonger. No håper dei at ei ny ordning kan gi dei ein ny sjanse.

syrisk

SJÅ TV-SAKA: Inam Kenan og familien hennar ynskjer å få halde fram med å bu i Noreg.

Åttandeklassingane ved Helland skule i Vestnes er på tur ute i det fri.

asylbarn

VIL BLI: Inam Kenan og familien hennar ynskjer å få halde fram med å bu i Noreg.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Blant dei går Inam Kenan, opphavleg frå Syria. Etter fem år på same skule har Inam fått mange nære vener. Likevel går ho med ei stadig uro i seg.

– Eg er redd for kva som skjer dersom eg må reise tilbake. Eg er redd for at eg vil gløyme å lese og skrive, fortel ho.

Ny sjanse

Inam bur på Vestnes saman med familien sin. To gonger har dei fått avslag på søknad om opphaldsløyve. Familien har ikkje lenger lov til å bli i Noreg, men dei kan ikkje returnere til Syria.

assylsøkjer

RETTAR: Familien Kenan lengtar etter ei avklaring.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRk

På asylmottaket sit blant anna mora og systera til Inam. Storesøstera til Inam prøver å fylle dagane med bøker og andre aktivitetar.

18-åringen får nemleg ikkje gå på skule lenger. Familien har levd i vakuum etter at dei fekk avslag på søknaden sin.

No håper dei at ei ordning innført av Justisdepartementet kan gi dei ein ny sjanse. Ordninga er vedtatt for å hjelpe barn i familiar som har budd lenge i asylmottak. Ghenwa Kenan lengtar etter ei avklaring.

– Dersom vi får bli så kan vi få dei same rettane som alle andre har. Vi kan få halde fram på skulen, jobbe og kome oss meir ut, fortel ho.

Ny ordning

Ordninga trådde i kraft 1. juli 2014 og gjeld familiar med barn utan opphaldsløyve, som har budd meir enn tre år i Noreg. Barna sine foreldre og søsken under 18 får også som regel opphaldsløyve etter det nye vedtaket.

Men det er mange reglar knytt til denne ordninga, reglar som det ikkje alltid er like lett å få full oversikt over. Ine Galbur, barnefagleg ansvarleg ved Vestnes statlege mottak, fortel at dei vil prøve å hjelpe familiane så godt dei kan.

– Dersom dei bestemmer seg for å søkje, så vil vi hjelpe dei med å fylle ut og sende dei nødvendige dokumenta.

Ina galbur

STØTTE: Ine Galbur fortel at dei vil prøve å hjelpe familiane så godt dei kan.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / nrk

Til eingongsløysinga for barn er det blant anna knytt krav til at barna må komme frå land som Norge har returavtale med. Syria er ikkje eit av desse landa, men prosjektet har to delar.

– Dersom familien har budd i Noreg i meir enn fire og eit halvt år, så kan dei få moglegheit til å bli, seier Galbur.

Dugnad

Norsk organisasjon for asylsøkjarar (NOAS) meiner informasjonen til asylsøkjarane er for dårleg og dei har difor starta rettshjelpsdugnad for å hjelpe dei som treng det. Dei ser eit stort behov for å gi informasjon til aktuelle familiar.

– Dei nye reglane for opphald og for barn som har vore i Noreg lenge er svært kompliserte å forstå, fortel Mari Seilskjær rådgivar i NOAS.

NOAS

HJELP: Mari Seilskjær rådgivar i NOAS meiner asylskøkjerane treng meir informasjon om rettane deira.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Dei meiner det er viktig at asylskøkjerane får informasjon om rettane sine.

– I tillegg er det ingen som forsikrar at dei aktuelle familiane får denne informasjonen. Dei får heller ikkje den juridiske bistanden dei treng, held ho fram.

Seilskjær meiner tiltaka er heilt nødvendige for å kunne vareta rettstryggleiken til desse barna.

– Vi vil hjelpe dei slik at alle dei lengeverande barna kan få like moglegheiter til å få prøvd saka sin etter de nye reglene.

Tilbake i Vestnes håper Inam Kenan å få bli i Noreg.

– Eg har det veldig fint her og så har eg så mange vener her. Eg blir lei meg dersom eg må reise, fortel ho.