NRK Meny
Normal

Ny rapport: Makrellen slit med å bli stor og feit

Ny rapport viser at makrellen blir tynnare og treng lenger tid på å vekse seg stor og feit. Årsaka er at det er svært mykje makrell i havet, og at silda ofte kjem makrellen i forkjøpet i kampen om maten.

Makrell

Dette er makrell som ble ført til land på Ellingsøya i Ålesund sist uke. Fangsten var på 800 tonn.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Rapporten slår fast at det har vore så mykje makrell i havet at kvart einskilt individ har byrja å skrante. Makrellen har i denne perioden vakse saktare og blitt tynnare enn før. Rapporten byggjer på prøver frå det norske kommersielle fisket frå 1984 til 2013.

– For makrellen ser vi eit sjeldan sterkt signal. Det ha vore ein drastisk reduksjon i vekta på makrell frå 2005 til 2013, seier leiar for forskingsgruppa for pelagisk fisk på Havforskingsinstituttet.

Flere3 rederier fisker for tiden opp rekordstore mengder med makrell.

Smaragd leverte ein rekordstor fangst med makrell sist veke.

Kjempar om same mat

Det er truleg kampen om føda som er årsaka til at makrellen gjekk ned i vekt i denne perioden. Funna i undersøkinga viser at enkeltindivida betalar prisen når mengda av makrell aukar.

Aril Slotte

Aril Slotte, Havforskingsinstituttet.

Foto: Havforskningsinstituttet

I 2013 hadde ein 8 år gamal makrell same vekt som ein gjennomsnittleg 4 år gamal makrell i 2015, seier Slotte.

– Betre i år

Opplysningane i rapporten stemmer godt overeins med inntrykket Norges Sildesalslag har. Men tala gjeld fram til 2014. Utviklinga kan ha snudd.

Vi har lagt bak oss nokre år med ein nedadgåande trend. Men størrelsen på fisken vil alltid variere med kvar fisket går føre seg og på kva tidspunkt fisket skjer. Om vi ser på årets makrellfiske ser det ut som om trenden har snudd, seier rådgjevar Roald Oen i sildesalslaget.

Ulike metodar

Havforskarane kan ikkje uttale seg om årets sesong før seinare i haust. Aril Slotte presiserer også at næringa og forskarane kan ha forskjellig tilnærmingsmåte til å vurdere tilstanden på fisken.

Vi har metodar som let oss samanlikne årsklassane opp mot kvarandre. Fiskerinæringa vurderer ikkje alder på makrellen og den årlege tilveksten slik forskarane gjer, seier Slotte.

Spennande marknad

Makrellkvoten har auka dei siste åra. Norske fiskarar får ta i overkant av 240.000 tonn. Men mange nasjonar fiskar etter makrell, og til saman blir det no teke 1,2 millionar tonn i året. Prisane svingar, og har variert frå 5 kroner kiloet til opp i 11 kroner. I dag ligg prisen på rundt 8 kroner. Det norske fisket har dermed ein verdi på om lag 2 milliardar kroner.

Vi hadde ein prisnedgang då kvotane blei auka. Prisen på 8 kroner viser både at kvaliteten no er god, og at aktørane er flinke til å finne nye marknader, seier Oen.

Med svikt i salet til Russland og Nigeria, har land som Sør-Korea, Tyrkia, Romania og Kviterussland blitt viktige marknader for norsk makrell, og Japan er framleis store i denne marknaden.

– Silda kjem makrellen i forkjøpet

For havforskarane blir det viktig å følgje med på balansen mellom skattlegging og bestand. Balansen mellom mengda med sild og makrell ser også ut til å vere viktig for utviklinga av kvaliteten på fisken.

– Sild og makrell er ute etter dei same byttedyra. Sjølv om dei sjeldan er i same område til same tid, så er dei saman om å redusere bestanden av byttedyr. Silda er i gang med beitinga i mai, og makrellen kjem inn i det same området litt seinare. Slik sett kan ein stor bestand sild vere med på å redusere mattilgangen for makrellen, seier Aril Slotte til Havforskingsinstituttet si nettside.