NRK Meny
Normal

Gjemnes svakast ut i ny tomterapport

I ein ny rapport blir Kristiansund og Molde framstilt som jamgode alternativ for bygging av nytt sjukehus. Gjemnes kjem derimot dårlegast ut.

Det er Helse Møre og Romsdal som har bestilt rapporten frå Norconsult, som tar føre seg dei regionale konsekvensane av plasseringa av eit nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal. Rapporten ser på konsekvensar for rekruttering og fagmiljø. Også miljøkonsekvensar og sentrumsutvikling blir vurdert.

I den nye rapporten kjem Gjemnes, alternative midt mellom byane Molde og Kristiansund, dårleg ut. Byalternativa kjem like godt ut.

Rapporten peikar på at Gjemnes ikkje er bynært og at det difor vil ha eit dårlegare utgangspunkt for å bygge opp eit sterkt fagmiljø enn både Molde og Kristiansund. Det blir også vist til at Gjemnes som alternativ er i strid med fylkeskommunen sitt mål om å styrke dei eksisterande sentra.

Tomta på Gjemnes vil også vere mindre tilgjengeleg og ha større innverknad på miljøet på grunn av reiseavstand, slår rapporten fast.

Betre føresetnader for fagmiljø

Utgreiinga viser til at Kristiansund og Molde begge har gode føresetnader for å bygge sterke fagmiljø med eitt felles sjukehus. Også dei miljømessige konsekvensane blir skildra som like.

Ulikt for dei to alternativa er ifølgje rapporten at det samla tapet for Molde blir større dersom det blir valt bort, medan ein eventuell gevinst for Kristiansund vil vere større enn for Molde.

I den grad byalternativa skil seg frå kvarandre, er det i risikoanalysen, og då i særleg grad brannberedskapen. Der kjem Kristiansund-alternativet noko dårlegare ut, fordi ei eventuell stenging av Krifast kan bli kritisk for ein stor del av dei som skal sokne til sjukehuset.

Dei tre kommunane Gjemnes, Molde og Kristiansund skal legge fram eigne utgreiingar til høyring, der dei lokale konsekvensane for det enkelte tomtevalet blir vurdert.

Desse, saman med rapporten frå Norconsult og ei vurdering av dei økonomiske konsekvensane, skal danne grunnlaget for den endelege avgjerda.