Ny råolje frå makrell

Møreforsking i Ålesund meiner at ein ny råolje produsert av makrellavskjer har god kvalitet. I desse dagar opnar ein nye fabrikkar i Selje og Måløy, der hundre prosent av råstoffet i makrellen skal bli utnytta. Forskingsleiar Margreth Kjerstad ved Møreforsking seier at oljen viser seg å ha god og stabil kvalitet.