Hopp til innhold

Ny rådhusfasade i glas ?

Ordførar Arve Tonning i Ålesund meiner Rådhuset godt kan få ny fasade i spegelglas.  

Einar Gustafsson og Arve Tonning diskuterer rådhusfasade.
Foto: Torild Øvrelid (NRK)

Rådhuset i Ålesund skal pussast opp - og det trengs sårt.Fasadeplatene forvitrar og ramler ned i større og mindre bitar til fare for folk som går forbi. Så er spørsmålet: Skal den nye fasaden vere mest mulig lik den gamle eller skal ein gå for noko heilt nytt, som til dømes fasade i spegelglas?

Betong eller glas ?

-Eit rådhus i spegelglas kjem til å ta seg strålande ut, seier ordførar Arve Tonning. Viss jugendbyen i framtida kan spegle seg i rådhuset, så er det aldeles strålande! Per i dag har vi  tre forslag til vurdering.  For det første pussa betong som i dag, for det andre ein glasfasade, og til slutt andre forslag som måtte kome. 

Skandale

Einar Gustafsson er kjent som ein stor bypatriot, i tillegg til at han jobbar ved Aalesunds Museum. Han har aldri slått seg til ro med at Ålesund i det heile tatt kunne bygge eit slikt høghus midt i byen, så han meiner beste oppussinga vil vere å fjerne dei øvste etasjane på høgblokka  og plassere dei på plassen ved sidan av.

-Eg har ikkje sterke meiningar om korleis rådhuset bør sjå ut. Glasfasade kan vere like greitt som noko anna, heile huset er likevel ein skandale, seier han. Men blir det speglar og glas, så får uttrykket "politikarane møter seg sjølv i døra" ein ny dimensjon, ler Gustafsson.

Skal få sjå

Korleis Ålesund rådhus kjem til å sjå ut etter oppussinga, er altså ikkje godt å vite. Ordførar Arve Tonning er heller ikkje framand for å behalde arkitekturen slik han er. -Råhuset har ufortjent fått rykte på seg for å vere fryktelig stygt. Men huset er eit realt uttrykk for arkitekturen som rådde midt på syttitalet då huset vart bygt, seier Tonning.

Når alle forslaga til ny fasade ligg føre, blir det mulig for alle som er interesserte å få sjå dei, fortel ordførar Tonning. Då blir forslaga lagt ut på nettet - eller kanskje laga til som ei utstilling i vestibylen i rådhuset.