Hopp til innhold

Ny plan om høgfartsbane

Firmaet Norsk Bane AS i Ålesund har på oppdrag av Jernbaneverket levert ein plan for ei lønsam høgfartsbane  Oslo - Bergen - Stavanger. Norsk Bane har liknande planar for fleire andre strekningar.

Høgfartstog

Høgfartstog

Foto: Norsk Bane AS

Det tyske konsulentfirmaet VWI-gruppa har nyleg lagt fram ein rapport om høgfartsbaner i Noreg, ein rapport som dagleg leiar Jørg Westermann i Norsk Bane AS er svært kritisk til.

 

Jørg Westermann

Jørg Westermann

Foto: Norsk Bane AS

Også godstrafikk

Westermann meiner at VWI undervurderer trafikkpotensialet og overvurderer byggekostnadene. Han viser bl. a. til at dei byggekostnadene VWI opererer med, er fleire gonger høgare per kilometer enn det erfaringane frå Sverige og Finland tilseier.

Norsk Bane legg i sine utgreiingar opp til at høgfartsbanene skal ha godstrafikk. Det gjer ikke VWI. Høgfartsbaner med godstrafikk vil vere ein stor fordel både for miljøet og næringslivet, meiner Jørg Westermann.

Baneteknisk og økonomisk er det fullt mogleg å få Haukelibana på plass i 2016/17, meiner Jørg Westermann. Så kjem det an på den politiske prosessen. Norsk Bane reknar med at Haukelibana mellom Oslo og Bergen/Stavanger i tredje driftsåret kan gje 6 milliardar kroner i inntekter og 3 milliardar i overskot.

Andre strekningar

Jernbaneverket bestilte denne gongen ei utgreiing om Haukelibana, men Norsk Bane har også laga planer for høgfartsbaner frå Oslo gjennom Gudbrandsdalen til Trondheim/Steinkjer og til Møre og Romsdal, frå Oslo til Gøteborg og ei vidareføring av Haukelibanen frå Skien til Kristiansand. På ei høgfartsbane må det nødvendigvis vere få stopp undervegs, men Norsk Bane planlegg med at stoppestadene langs ruta skal veksle frå avgang til avgang. På den måten kan mange fleire bruke toget. 

 

Norske høgfartsbaner
Foto: Norsk Bane AS

 

Reisetider

Etter planane til Norsk Bane vil til for eksempel reisetidene Oslo - Bergen/Stavanger bli 2 timar og 25 minutt, Oslo -Trondheim/Ålesund 2 timar og 30 minutt og Oslo - Lillehammer 50 minutt.