Hopp til innhold

Ny person smitta av koronavirus

Ålesund kommune opplyser at ein ny person har testa positivt for koronasmitte. Personen kom til Ålesund søndag kveld. – Vedkomande er testa rutinemessig, har ingen symptom og har vore i karantene sidan framkomst i Ålesund, skriv kommunen. Personen er no i isolasjon og kommunen har ikkje mistanke om at vedkomande kan ha smitta nokon andre etter at dei kom til kommunen.