Ny ordførar i Smøla

Svein Roksvåg frå Senterpartiet tek over som ordførar i Smøla.
Senterpartiet fekk 39,4 prosent av røystene i Smøla, og Roksvåg tek over ordførarklubba etter Roger Osen frå Arbeidarpartiet.
Osen har vore ordførar dei åtte siste åra.