Ny ordførar i Averøy

Ann Kristin Sørvik frå Senterpartiet blir ny ordførar i Averøy. Sørvik er og fylkesleiar i Senterpartiet.

 

Jan Steinar Engeli Johansen frå Framstegspartiet blir varaordførar.

Sørvik har ein brei borgarleg fleirtalskonstellasjon i ryggen.

Venstre har hatt ordføraren dei siste fire åra, men Jarle Haga tok ikkje attval som ordførar.