Hopp til innhold

Ny optimisme for flytebru

Flytebru-alternativet skapar ny giv for dei som vil binde saman Surnadal med Sunndal og Tingvoll utan å bruke ferje.

Montasje Trollheimstunnlen

Slik ser ut skissa for korleis flytebrua vil kunne bli sjåande ut over Todalsfjorden. Det nye alternativet går mellom Mulneset og Drøpingstranda.

Foto: Montasje/LMG Marin

I fjor tok forkjemparane for Trollheimstunnelen ein timeout for å finne ut om det var grunnlag for å gå vidare med prosjektet.

Håper å spare inn

Bergsvein Brøske

Styreleiar Bergsvein Brøske i Trollheimstunnelen trur flytebrualternativet kan bli billigare om ein flyttar traseen lengre ut i fjorden.

Foto: Trond Vestre / NRK

Flytebrukonseptet, som LNG Marin har stått i bresjen for, har sett fart i arbeidet igjen, seier styreleiar i Trollheimstunnelen, Bergsvein Brøske.

– Det som vi snakkar om er å flytte det ferjefrie sambandet lenger ut i fjorden. Det gjer at ein kan bruke mykje meir av det eksisterande vegnettet. Då vil kostnadane for vegprosjektet gå ned ein god del, seier han.

Brøske vil ikkje seie noko om kor mykje ein kan spare på dei nye planane. Prosjektet har no ein prislapp på 1,3 milliardar pluss moms og utbetringar av vegsambandet. Det er sistnemnde Brøske håper ein no kan spare inn på.

– Eit samlande alternativ

– Det er heilt nødvendig å knyte Sunndal og Surnadal tettare i hop. Med dette sambandet vil ein kunne gjere nett det. Det vil kunne skape ein ny dynamikk på Indre Nordmøre, som vi vil vere heilt avhengige av i framtida, seier styreleiaren.

– Det har vore strid om trasévala. Vil satsinga på flytebru ha ein samlande effekt?

– Eg har heilt klart eit inntrykk av at flytebru-alternativet er noko mange her sluttar seg til, avsluttar Brøske.