Hopp til innhold

Ny opptur i sjømatnæringa

Det går godt for dei fleste sektorane i sjømatnæringa, men det er laksen som bidrar sterkast til verdiveksten i første kvartal.

Laks i merd

Frankrike og Polen er dei største mottakarane av norsk laks.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

I første kvartal i år har Noreg eksportert sjømat for over 21 milliardar kroner, og det er nesten fire milliardar meir enn same kvartal i fjor. Berre i førre månad var eksporten på over sju milliardar.

Geir Håvard Hanssen

Geir Håvard Hanssen i Norsk sjømatråd kan juble over nok ein opptur.

Foto: Gunnar Grindstein / NRK

– I tillegg til laksen er det gledeleg at marknaden for fersk skrei i Europa veks. Også reker og skaldyr går godt med ei dobling av eksportverdien samanlikna med første kvartal i 2015, seier Geir Håvard Hanssen, kommunikasjonsdirektør i Norsk sjømatråd.

Gode prisar

Hanssen kan fortelje at også reker og skaldyr går godt. Høge prisar og auka etterspørsel, og ein gunstig valutasituasjon for den norske krona er årsakene.

Ifølge sjømatrådet har eksporten auka for dei fleste artar, med eit unnatak for klippfisk. Samtidig har saltfisk ein auke på 30 prosent. Også for fersk- og fryst torsk har eksporten gått opp.

Mykje fisk til Polen

Tok 800 tonn sild

I mars månad blei det eksportert sild for 138 millionar kroner.

Foto: LIBAS

Kviterussland og Polen er dei største kjøparane av aure. Polen kjøper også mykje av den norske silda, og er saman med Tyskland dei største marknadene for havets sølv. Makrellen har ei lengre reise, for her er det Japan og Nigeria som er viktigaste marknadene.

Men det er altså laksen som drar det største lasset, med ein verdiauke på over to milliardar kroner i første kvartal. Polen, igjen, og Frankrike, er dei to landa som hentar mest norsk laks til sine matbord.