Ny operasjon for Mowinckel

Alpinist Ragnhild Mowinckel har operert kneet sitt igjen. Førre veke blei det klart at ho mistar heile sesongen etter at korsbandet har roke for andre gong. – Operasjonen gjekk bra, alt tatt i betraktning, skriv skistjerna på Instagram. Ho takkar for alle hyggelege meldingar og støtte ho har fått den siste veka.

Mowinckel operert
Foto: Privat