Hopp til innhold

Ny og gammal hurtigrute møttest

I dag møttest den aller nyaste hurtigruta, MS Roald Amundsen, den eldste hurtigruta MS Lofoten. Dette skjedde utanfor Ulstein og Flø. Roald Amundsen som er bygd ved Kleven er på ein ny prøvetur, medan Lofoten er i rute og kom frå Torvik i Herøy på veg mot Ålesund. Lofoten vart sjøsett i 1964, og skal gå i ordinære ruter til 2020.

Hurtigrute, ny og gammal
Foto: Arne Flatin / NRK