Ny musikkvideo frå Jenny Langlo

MGP-aktuelle Jenny Langlo held på med dei siste førebuingane før Melodi Grand Prix i mars. No har ho slept musikkvideoen til finalebidraget «Next to You».

– Vi brukte berre ein halv dag på å filme videoen. Vi gjorde det veldig enkelt og improviserte i ei leilegheit vi fekk låne. Det var veldig gøy å berre gjere det som kjentes rett der og då , seier Langlo.

21 år gamle Jenny Langlo frå Stordal på Sunnmøre, er mest kjent for å ha vunne Idol i 2011. Denne våren er ho eitt av elleve bidrag som skal delta under finalen i Melodi Grand Prix som finn stad laurdag 14. mars i Oslo Spektrum.

Låten blei til på nokre få timar

Jenny Langlo skreiv sine fyrste låtar allereie i sjuårsalderen, og byrja tidleg å opptre aktivt med song og gitar. Etter suksessen med Idol busette 21 åringen frå Stordal seg i Oslo der ho blant anna har studert Populærmusikk ved Nordisk Institutt for Scene og Studio.

Langlo jobbar no med musikk i sjangeren elektronisk pop og er signert hos Universal Music og daWorks Music Publishing.

Låten «Next to You» er skriven i samarbeid med Robin Mortensen Lynch og Niklas Olovson (Machopsycho). Den svenske duoen har blant anna samarbeida med artistar som Justin Timberlake, Pink og Cher, og har også ein norsk MGP-vinnar på samvitet. Dei står nemleg bak songen «I Feed You My Love», som dei skreiv saman med Karin Park, for Margaret Berger.

Låten «Next to You» blei til på nokre få timar, fyrste gong Jenny og Machopsycho møtte kvarandre.

– Den er eit skråblikk på korleis ein kan oppleve å misse kontrollen på seg sjølv når ein får kjensler for eit anna menneske. Ein ender opp med å gjere ein del mindre fornuftige val, seier ho.

Derfor var det naturleg for Langlo, og partnarane som hjalp ho med videoen, Stephen Butkus og Håkon Stubberud, å gjere videoen ekte og naken.

– Vi ville fokusere på dei nakne kjenslene ein ofte må gå i møte i slike situasjonar, spesielt når det ein kjenner for eit anna menneske ikkje er gjengjeldt, seier ho.

Samarbeidet med Machopsycho blei særdeles fruktbart, og fleire låtutkast ligg no på skissebordet.

Sjå premiera på musikkvideoen øvst i saka.

Siste video/lyd

Han likar å halde på heime i garasjen. Tidlegare har han bygd ein kopi av Pelle Politibil, og i februar i år sette han i gang eit nytt prosjekt som han no er i ferd med å avslutte.
Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.