NRK Meny
Normal

Ny MR-maskin i Kristiansund

Røntgenavdelinga ved sjukehuset i Kristiansund har fått 12 millionar kroner til ny MR-maskin.

Frå før er det kun ein privat røntgenklinikk i Kristiansund som har hatt ei lita MR-maskin. Når den nye, store maskina på sjukehuset er installert i løpet av første halvår i 2007, kan dei undersøkje fleire pasientar og pasientar med andre lidingar.

Kva er MR?

MR står for "magnetisk resonans". Ved ei MR-undersøking blir pasienten plassert i eit magnetfelt som påverkar hydrogenatoma i kroppen. Så blir radiobølgjer retta mot det området som skal undersøkjast. Ved å registrere korleis hydrogenatoma blir påverka, kan det lagast svært detaljerte bilete frå innsida av kroppen.

MR-undersøkinga utset ikkje pasienten for skadelege strålar, slik tradisjonell røntgenfotografering gjer. Men pasientar som har metall operert inn i kroppen, kan ikkje alltid undersøkjast med MR-maskin.

MR i Møre og Romsdal

Sjukehuset i Kristiansund får no altså ei stor MR-maskin.. Også i Molde har sjukehuset ei stor maskin. Sjukehuset i Ålesund har to store maskiner, medan sjukehuset i Volda etter planen skal få ei stor maskin i løpet av 2007.

I Ålesund er det dessutan MR-maskiner ved dei private Medi3 og Sunnmøre MR-klinikk.